Den Grøne Sløyfa er den naturlege innfallsporten til nokre av dei vakraste fjellområda på Vestlandet. I Bergsdalsfjella og Stølsheimen har Bergen Turlag og Voss Utferdslag mange sjølvbetjeningshytter, og frå Sløyfa er det T-merka ruter til fleire av desse hyttene.
Ein kan óg ta fine dagsturar på godt merka sti til dei fleste stølane i Sløyfa. I Eksingedalen kan ein fylgje Reitlevegen, den gamle ferdselsvegen gjennom dalen, og på Bolstad kan ein fylgje Reislevegane til Øvstedalen.
Den Grøne Sløyfa kan også tilby guiding med lokalkjente guidar.